Løype 43 km, nokre endringar så ny gpx fil

Postet av Valle Idrottslag den 1. aug 2026

43 km trase har ny gpx fil da det er nokre små justeringar som måtte til for å klarere løypa for løp.

Nå er det gjort og du kan studere løypa på Strava her: Strava gjennomgang av løypa

Valle_Skyrace_2026 43 KM NY GPX





Bispevegen påmelding til marsj og buss

Postet av Valle Idrottslag den 18. jul 2026

Det nærmer seg årets Bispevegmarsj. Påmelding i EQ-timing: Bispevegmarsjen 

Hugs også å meld deg på buss her i skjema: Bispevegen påmelding buss – Fyll ut skjema

Dersom du ikkej får melde deg på via Eqtiming send sms til Solveig 91247155 med Navn, adresse, telefon, fødselsdato så skal me få ført deg opp.

Velkomen.




Velukka løpefest med barneløp, mila og halvmaraton laurdag 20 juni

Postet av Valle Idrottslag den 21. jun 2026

Siste veka i juni er det tradisjon å lage til sentrumsfrokost i Valle sentrum der sentrumsforeininga spanderer gratis frokost og underhaldning til alle.  Denne veka ei veke før grunna Landskappleik på Hovden siste helg der det vil vere travelt for mang ein valldøl og setesdøl. Valle IL har dei to siste åra også arrangera løp denne dagen. Det er gøy å kunne kombinere sosiale samankomster med løp for alle i alle aldre.

Barneløpet var først ut, deretter starta halvmaraton feltet så kom mila.

Det som var ekstra morro for oss som arrangør i år var at me har fått kontrollmålt både halvmaraton og 10 km. Så evnt rekorder som vert sett i Valle blir ståande soom offisielle resultat.

Me takker Sentrumsforeininga for godt samarbeid.

Me vil også rette ein takk til vår hovudsponsor i Valle IL og på Vallemila Valle Sparebank for at me kan dele ut flotte premiar i form av sjekk

Aron Åkre Rysstad fekk utdela stipend og gåve frå Valle IL under Sentrumsfrokosten og tok seg også oppgåva å leie Vallemila-kids run. 


Valle mila 10 km, menn. 1 plass: Åsmund Wiberg (Otra IL), 2 plass Jan Tore Gjedrem (Bjerkreim IL), 3 plass Iver Kvaale Skibsrud (Bygland IL/Janus ski og løpeklubb/KBK Run Club)


Vallemila 10 km, kvinner: 1 plass: Linda Helleland (Grimstad), 2 plass: Irene Moe (Bygland IL), 3 plass Vilde Ketilsdotter Homme (Valle IL)

Valle halvmaraton: 1 plass Christopher Andersen (Søgne IL), Øystein Svaland (Lager 4-Mest Gym, Litt Golf), 3 plass: Stefan Brugger (Reinach)


Valle halvmaraton kvinner: 1 plass: Berit Syrtveit (Kristiansand S), 2 plass Deborah Grimmer, (Binningen)




Edvin på seriemeisterlaget Otra/Valle G16

Postet av Valle Idrottslag den 18. jun 2026

Otra/Valle G16 seriemeisterskapet i 2. divisjon etter ein sterk 2–1-siger mot Fløy Flekkerøy framfor eit talrikt og entusiastisk publikum på EH-banen.

Valle IL er stolte over å ha Edvin Ketilson Homme-Brottveit på laget. Som indreløpar på midtbana er han kjend for stor treningsiver og ein imponerande arbeidsmoral. I sommar ventar Dana Cup, før han til hausten flyttar til Kristiansand for vidare skulegang og nye fotballutfordringar.

Me gratulerer Edvin, lagkameratane og trenarane 

Det vert gama å følgje utviklinga vidare








Klart for ei aktiv helg i Valle

Postet av Valle Idrottslag den 18. jun 2026


No er det berre få dagar att til Vallemila, Valle Halvmaraton og Barneløpet! 
Laurdag fyllest Valle sentrum med løpeglede, aktivitet og god stemning under den årlege sentrumsfrukosten. Enten du vil springe 10 km, halvmaraton eller la dei yngste få oppleve løpsgleda i barneløpet, håpar vi å sjå deg på startstreken! 
- Vallemila – 10 km Start 13.30
- Valle Halvmaraton – 21,1 km Start 13.00 
- Barneløp for dei yngste (møt opp og få startnummer litt før klokka 12, ingen påmelding) 
- Sentrumsfrukost og aktivitetar i sentrum fra klokka 10


Det er framleis mogleg å melde seg på, så ta med familie, venner og naboar og bli med på ein flott dag i Valle!

Vel møtt til ein aktiv og triveleg laurdag i Valle!